fbpx

Jærmuseet søker arkivar!

Opplev – Utforsk – Delta

Søknadsfrist 23 mai

Om stillingen:

Museet søker arkivar i ei 1-2 årig prosjektstilling. Arbeidet vil i hovudsak vera forvaltning av arkivsamlingane, då primært privatarkivsamlingane til Jærmuseet. 

Det er behov for ein person med kompetanse og erfaring med ordning og katalogisering av privatarkiv etter allment arkivskjema, og det er ei fordel med kjennskap innan registrering i ASTA/Arkivportalen, og bevaringsvurdering av privatarkiv. 

Om stillinga:

Arbeidsoppgåver:

  • Kartlegge og ordne privatarkiva i Jærmuseet
  • Gjere museet sine arkiv tilgjengeleg på digitalarkivet.no
  • Bruke ASTA programvare
  • Delta i nettverket for privatarkiv i Rogaland
  • Bidra i felles prosjekt

 

Me søker deg som har:

  • Høgare utdanning (gjerne master) i arkivfag, historie, offentlig administrasjon, statsvitenskap eller liknende (Langvarig og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglende utdanning)
  • God kjennskap til arkivfeltet
  • Gjerne kjennskap til kulturfeltet
  • Erfaring med å utarbeida planar og/eller prosjektarbeid
  • Generelt gode datakunnskapar
  • God munnleg og skriftleg formulerings- og formidlingsevne
  • Må beherska både nynorsk og bokmål

 

Og i tillegg er du:

  • Nøyaktig, effektiv og strukturert
  • Interessert i historie, kultur og museum
  • Sjølvstendig, men med gode samarbeidsevner
  • Positiv og serviceinnstilt

Personlig egnethet vil bli tillagt stor vekt. Stillinga er del av samlings- og dokumentasjonsavdelinga som forvaltar alle samlingane til museet. Teamet har og ei sentral rolle i utstillings- og formidlingsverksemda.

Jærmuseet legg vekt på evne til å arbeida i team og på tvers av fagfelt. Du må også kunna jobba sjølvstendig og tidvis takla eit høgt tempo. Jærmuseet har ein høg profil når det gjeld sørvis, både ovafor publikum så vel som internt i bedrifta.

 

Jærmuseet kan tilby:

  • Ein allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
  • Eit stort kontaktnett innan arkiv- og samlingsarbeid
  • Innføring i vitensenter- og museumsarbeid
  • Gode kollegaer og moderne fysiske rammer
  • Jamleg deltaking i kurs, seminar og fagsamlingar
  • Løn etter avtale.

Arkivar har kontorplass både på Vitengarden (Nærbø) og Vitenfabrikken (Sandnes) og arbeider tidvis på dei andre avdelingane.

 

På farten mens CV`en ligger hjemme?

Fortvil ikke!

Registrer e-post din og/eller telefonnummeret ditt, løs den brutalt vanskelige mattequizen nederst, så vil vi ta kontakt med deg med mer informasjon om stillingene 🙂

Og ta gjerne å legg til et spørsmål eller to om det er noe du lurer på!

13 + 10 =

Opplev – Utforsk – Delta

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet.

Vår oppgåve som museum er å dokumentera og formidla den nyare historia til regionen, som vitensenter skal me skapa interesse for naturvitskap og teknologi.

Bli kjent med historia vår gjennom interaktive utstillingar og aktivitetar, like gilde for store som små. Opplev forrykande show, besøk dyra på garden, «snurr» eit dikt, bli kjent med historia, sjå koss vanlege folk – eller fyrvaktaren – budde på Jæren i gamle dagar og nyt utstikta og roen i dei gamle gardstuna.

I 2009 fekk Jærmuseet prisen for Årets Museum i Noreg. Same året vann òg museet «the European Michelletti Award» for beste teknologiske museum.

Jærmuseet har årleg eit samla besøk på godt i overkant av 200.000.

På jakt etter nye kollegaer?

Ta kontakt med Q10 Personell

 

Kontakt oss
Personvern *
Sending